tirsdag 17. februar 2009

Comic life



Enkelt og brukarvennleg

Programmet er eit fint og artig tilskot til arbeid med bilete og biletseriar. Anten ein ynskjer å bruke det i skulen eller privat. Det å kunne legge til snakkebobler, plakatar og anna som vi finn i teikneseriar set ein ekstra spiss på det å arbeide vidare med biletmateriale. Å sette seg ned med programmet ei stund og prøve seg fram er ein flott måte å lære på. Og etter ei stund så har du laga deg fotomontasjar med tekst, striper eller biletforteljingar frå ferieturen. Det eg sakna i første omgang var litt fleire grafiske symbol og det å kunne teikne inne i biletet. Elles så får ein kanskje lyst til å endre på teksten i snakkeboblene etter som serien skrid fram. Det er litt tungvint om du skal slette ei heil side fordi du ikkje er fornøgd med teksta. Du kan vel kanskje berre legg ei ny snakkeboble oppå den du ikkje er fornøgd med, men eg kunne altså ha tenkt meg berre å merke teksta og skrive ny. I alle fall eit enkelt og motiverande verktøy.

Korleis skal vi så kunne bruke eit program som kan lage samansette tekster av bilete og skrift til å nå måla i Kunnskapsløftet? Kan dette programmet gi nokon meirverdi i undervisninga? Ser vi etter i Kunnskapsløftet så er det ikkje vanskeleg å finne fag der dette programmet kan vere aktuelt.

Kunst og handverksfaget



I Kunnskapløftet står det som læringsmål i visuell kommunikasjon etter 7. skuleåret:

"Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:



  • lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserie og film



  • fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt



  • sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hevrandre i ulike sammenhenger

I måla frå 8. - 10. trinn står det:





  • bruke ulike funksjoner i bildebehandlingsprogram
Norskfaget

I Kunnskapsløftet står dette i læreplanen for norsk under formål:



"Norskfaget forholder seg til et bredt spekter av tekster, både muntlige, skriftlige og sammensatte tekster, der skrift, lyd og bilder spiller sammen. Et norskfag for vår tid bygger på et utvidet tekstbegrep som inkluderer alle disse tekstformene. Faget skal hjelpe elevene til å orientere seg i mangfoldet av tekster og gi rom for opplevelse, læring, refleksjon og vurdering."

Ei tydeleg formulering som viser til verdien i det å lage og bruke samansette tekster. Comic Life vil her vere eit fint verktøy til å kombinere bilete og tekst anten det er serier eller einskildbilete. Elevane kan lage dialogar, reklame, loggar, dokumentasjon og liknande arbeid som samansette tekstar. I tillegg til å lage slikt arbeid sjølve så vil dei lære mykje også ved å vere med å vurdere sitt eige og andre sitt arbeid som det også er vist til i Kunnskapsløftet. Under kompetansemål for samansette tekster etter 7.årstrinn står det at eleven skal kunne:
"lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy."

Andre språkfag

Comic life vil vere ein fin måte å nærme seg andre språkfag på også. Til dømes kan ein nytte bilete og tekst til å skildre ord, uttrykk og korte dialogar. Kombinasjonen med passande bilete vil nok for mange elevar verke svært motiverande. Her kan læraren plukke ut bilete som elevane kan velge mellom for å lage samansette tekstar.







Mat og helse


Det å kunne lage presentasjonar med tekst og bilete eignar seg godt i mat og helse. Her kan elevane lage oppskrifter som samansette tekster. Oppskrifta kan innehalde tekst og bilete med enkle skildringar av arbeidsoppgåver som må utførast i samband med å lage retten. Ei flott og kreativ oppgåve som vil gå inn mot det som står om mat og kultur etter 7.klasse i Kunnskapsløftet: "Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: utvikle, lage og presentere eit produkt."




Comic life er eit program som vil kunne nyttast i ulike fag og samanhengar i skulen. Det vil vere eit flott supplement til andre digitale verktøy for elevane sin produksjon av samansette tekstar.



Kjelder:

Utdanningsdirektoratet(2006), Kunnskapsløftet - Fag og læreplanar. [Internett] Tilgjengeleg frå:http: http://www.udir.no/templates/udir/TM_UtdProgrFag.aspx?id=2103 [Lasta ned 16/02/09]

søndag 15. februar 2009

Filtrert internett i skulen?

På skulen sit elevane bak pc'en og arbeider. Læraren har skissert ei oppgåve der elevane skal bruke ressursar på nettet for å finne svaret på oppgåva. Om elevane sit i klasseromet eller på eit datarom så kan ikkje læraren(eller andre vaksne) vere tett på heile tida og det er sjølvsagt ikkje ynskjeleg heller. Somme av elevane treng gode tips på kvar dei skal leite medan andre er mykje meir orienterte om korleis dei skal gå fram for å finne stoffet dei treng. Attmed maskinene går praten og elevane får tips av kvarandre og det er flott. Her kan kanskje mange vere med på å drage lasset? Det hadde vore fint.

Vi lærarane har ei viktig oppgåve i å gi elevane kunnskap om nettet både når det gjeld korleis dei bør leite og korleis dei skal utøve god kildekritikk. Vi må vise dei gode eksempel både på leiting og vise kva som er god kildekritikk. På den måten vil elevane over tid lære både gode leiterutiner og lære korleis dei skal vurdere det dei finn.

Men kva om elevane kjem over innhald på internett som slett ikkje passar for born? Kan vi unngå det? Skal vi på førehand legge inn filter som hjelper oss med å halde desse sidene vekke frå elevane?
Becta fann i 2007 at 46 prosent av barn veit korleis dei skal kome seg forbi slike filter. Samstundes veit vi frå rapporten "Enhancing Child Safety and Online Technologies" at det ofte er barn og unge som aktivt søkjer det sjølve som kjem ut for skadelege, problematiske eller ulovlege sider på nettet.

Dersom føresette og skulen skal sette elevane i stand til å bruke nettet på ein etisk og god måte så må det vere mykje viktigare å lære dei gode etiske reglar for nettbruk enn å legge inn filter som dei vert opptekne av å unngå. "Frågan är inte vilka tekniska filter vi kan installera i datorerna, utan vilka etiska filter vi kan installera i eleverna." (Rask 2000)

Tilbake i klasseromet eller på dataromet så er det få elevar, i alle fall på mellomsteget, som kjem ut for ueigna sider på nettet. Då er det fordi dei medvite har nytta søkeord som har leia dei dit. Mi erfaring er og at dei då er raske til å kome seg vekk frå slike sider. Berre det viser vel eigentleg at dei har lært eitkvart om kva dei ikkje bør søke på? Så får vi fortelje dei om kva og kvifor.

Becta rapporten frå 2007 viser og at berre 11 prosent av foreldra til 11-åringar veit kva borna styrer med på nettet. Kanskje det er her utfordringa til trygg og etisk nettbruk ligg både for føresette og skulen. Å vere interessert og følge med på kva som skjer.

fredag 13. februar 2009

Sosial programvare - bruk og misbruk.

I skulen har arbeid med PC ofte dreia seg om å hente informasjon frå nettet til å løyse oppgåver, "spele" læringsrelaterte spel som ligg på maskina lokalt eller på nettet, men også til å produsere eigne tekstar for levering til lærar. Publisering av tekstar har vore mykje mindre brukt.

På fritida nyttar born og ungdom PC'en til spel, men også i stor grad til sosial programvare som til dømes MSN, Nettby, Blink, You Tube og Facebook. Somme bruker desse programma i mange timar kvar dag. Faktisk så mykje at det vart tatt opp som ei bekymring frå lærarhald at det går utover skulearbeidet. I eit intervju med ein elev på Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund så måtte guten medgje "at det nok går utover skulearbeidet".

I denne artikkelen vil eg kome inn på sider ved bruken av sosial programvare. Desse meiningane vil nok reflektere erfaringar eg har gjort meg og vil av den grunn vere mi subjektive oppfatning.

Sosial programvare er komen for å bli. Den er mykje nytta i fritida, men kjem også til å verte meir og meir nytta i skulen. Då er det viktig å få fram dei gode og lærerike sidene og redusere/avgrense negative sider. For å få det til må born og unge lære seg korleis dei skal nytte seg av desse programma på ein god og fornuftig måte. Samstundes må dei lære kva som ikkje er bra. Her kjem lærdomen av trygg nettbruk inn.

I livet elles er det slik at foreldre vil at borna deira skal ha det bra og at dei skal te seg fint. Dei prøver av den grunn å halde seg orienterte om kva borna styrer med, korleis dei har det, om dei vert erta eller mobba, at dei ikkje skal prate med framande og så vidare. Dei er litt "på vakt" når ungane er utanfor heimen.

Når det gjeld PC så kan det verke som om foreldra ikkje er så mykje på vakt.

Men er det så farleg om elevane sit attmed PC'en? Skjer det overgrep då? Kan nettet og sosial programvare vere farleg på nokon måte?

Vi veit at mobbing og overgrep er eit problem i samfunnet. Vi veit at dette også skjer på nettet. Born, unge og vaksne legg ut bilete, filmar og skriv inne på nettet, men veit dei nok om kva som kan vere konsekvensane av det dei gjer? Kva med personvernet? Det faktum at det skjer mobbing og overgrep er tydeleg dokumentasjon for at dei ikkje veit nok i alle fall.


"Enhancing Child Safety and Online Technologies"

I rapporten "Enhancing Child Safety & Online Technologies" frå Internet Safety Technical Task Force i desember 2008 er mobbing eitt av hovudelementa. Rapporten kan du laste ned her http://cyber.law.harvard.edu/pubrelease/isttf/ . Av den går det mellom anna fram at mobbing og overgrep på nettet ikkje skil seg særleg frå det som born og unge kan oppleve utanfor nettet og at dei ved aukande alder kan kome til å bidra til å verte utsett for slike situasjonar sjølve. Rapporten understrekar at det trengs meir forsking på dette feltet. Vidare kjem det fram at mobbing og trakassering frå jevnaldrande er det mest vanlege både på og utanfor nettet og at born og unge kan nytte desse sosiale nettverka til å halde på og forsterke tilhøve i allereie eksisterande sosiale relasjonar. Studien viser og til at gode familiestrukturar rundt dei unge vil vere positivt når det gjeld å ikkje verte utsett for slik mobbing. Dei som ofte kjem ut for vanskar elles i livet har ein tendens til å få vanskar på nettet og.


NOVA Rapport 16/08

I NOVA sin Rapport 16/08 ("Seksuelle krenkelser via nettet - hvor stort er problemet?") har hatt uroa som mange føler rundt barn og unge sin bruk av mobiltelefon og internett som fokus. Rapporten kan du laste ned her http://www.nova.no/?id=18483 . Studien er frå 2007 og vart gjennomført mellom avgangselevar i vidaregåande skule. Den viser ein generell tendens til at omfanget av mobbing og sjikane er synkande ved auka alder. Det er altså mest eit tenåringsfenomen. Jenter er mest utsett for seksuelle tilnærmingar over nettet. Å gi frå seg kontaktinformasjon til framande kan vere det første steget mot å verte utsett for slike overgrep og gutar er litt raskare til å gi frå seg slik informasjon enn jenter. Studien viser og at ungdom med dårleg forhold til foreldra sine, dårleg nettverk mellom sine jamnaldrande, homofil eller bifil orientering, tidleg alkoholdebut, tidleg seksualdebut, å ha vore utsett for seksuelle overgrep og nedsett funksjonsevne er grupper som har lettare for å verte utsett for slike overgrep. Gode jamnaldernettverk er den viktigaste vernande faktoren i høve til å takle utfordringar på nettet seier rapporten.
Resultata frå undersøkelsen viser heldigvis at det er få som vert utsette for slike overgrep(1,5 prosent av jentene og 0,7 prosent av gutane har blitt pressa eller trua til sex) og at overgriparen er oftare ein annan ungdom - heller enn ein voksen.
Som tiltak for å verne fleire frå overgrep foreslår ein betre og lettare rapporteringssystem på nettet(raud knapp), større ansvar på dei som driv slike nettstadar til å følge med og terapeutiske tiltak for dei som har vorte utsette for overgrep.

Desse rapportane fortel oss at det kan vere farer med å bruke sosial programvare, men samstundes veit vi at barn, ungdom og vaksne opplever mykje positivt med desse programma. For å unngå dei negative sidene vert altså opplæring til trygg nettbruk heilt vesentleg. Foreldra må involvere seg og ta ansvaret med dette heime og vi lærarane må sjå vårt ansvar for denne opplæringa på skulen.

søndag 25. januar 2009

Web 2.0 i læringssituasjonar.

Læring er grunnleggjande for alle levande skapningar. Frå første dag er det å lære heilt vesentleg for vidare utvikling. I skulen nyttar vi ulike strategiar og stilar for at elevane skal lære. Til ei kvar tid er vi opptekne av at elevane skal nå kompetansemåla i læreplanane for faga. I desse kompetansemåla ligg samfunnet sine krav til kva elevane i skulen skal lære for å verte gagnlege i samfunnet. Men er desse metodane gode nok eller finst det læringspotensiale i nye metodar?



Den teknologiske utviklinga går raskt og digitale verktøy som ikkje eksisterte for berre nokre få år sidan er i dag tilgjengeleg. Bruk av internett og læringsplattformer i undervisninga er i bruk på dei aller fleste skular i større eller mindre grad, medan dei fleste skular ikkje let elevane bruke web 2.0-verktøy (sosial web) i læringsarbeidet. Mange elevar og andre nyttar desse verktøya på privat basis og dette er populære aktivitetar, men er det læringspotensiale i dei?



Forskaren Michael Wesch er tilhengar av å nytte web 2.0-verktøy i skulesamanheng. Han ser den tradisjonelle måten å undervise på som ein trussel mot læring. Den fører til anti-læring fordi studentane ofte ser på forelesningar og innhaldet i dei som utan meining. "Kvifor skal vi lære dette?" spør studentane. Etter hans meining så vil den beste læringa skje utan læraren tilstades i klasseromet, for berre då vil elevane vere fri til å følgje dei spørsmåla som gir meining for dei sjølve. Han legg stor vekt på at læring skjer i samhandling med andre og at det å stille gode spørsmål skal føre til ei uendeleg rekkje med nye spørsmål som fører med seg ny kunnskap. Gjennom å nytte web 2.0-verktøy kan studentane finne fram til ny kunnskap for seg sjølve og andre ved å delta anten det er med nye spørsmål eller svar på dei. Det kan dei til dømes gjere gjennom wikiar og bloggar og gjennom å dele lyd og biletfiler med kvarandre.



Forskaren Neil Selwyn ser også læringspotensiale i web 2.0-verktøy, men han stiller kritiske spørsmål til om det er mogleg å tilpasse desse verktøya på ein slik måte at dei er betre enn andre læringsverktøy. Han stiller spørsmål til om born og unge aksepterer at desse verktøya, som dei nyttar utanfor skulen, skal dragast inn i skulen. Dessutan held han fram at bruken av slike sosiale nettverk svært varierande og i noko grad også avhengig av alder. Han stiller også spørsmål ved om elevane vil klare å nytte desse verktøya til vidare læring heller enn å nytte dei kun til sosial kontakt med andre dei har felles interesser med. Etter hans meining vil læraren her ha ei nøkkelrolle for å eventuelt kunne tilpasse desse verktya slik at dei vert brukbare til formålet. Han stiller og spørsmål ved korleis ein skal nå fram til eit læringsmål, eit pensum, og korleis dette skal kunne prøvast.





For meg ser det ut til å vere store oppgåver som må finne si løysing før web 2.0-verktøy vil fungere som gode læringsverktøy i skulen i dag. Både når det gjeld tilrettelegging frå skulen si side, men og med tanke på kor varierande datakunnskap og bruk av slike verktøy er mellom mine elevar. I dag er mange av elevane brukarar av nettverk som til dømes Nettby, men det er slett ikkje alle som er interessert i dette. Dersom eg skal kunne tilpasse sosial web til nyttige læringsverktøy i mi klasse så må eg først ha ei gruppe med elevar der i alle fall dei fleste ville kunne klare å ta del og det er ikkje tilfellet i dag.





Likevel, det er interessant med ny kunnskap og nye innspel i alt læringsarbeid. Web 2.0-verktøya er komne og så spørs det i kor stor grad slike verktøy kan bidra til ein meirverdi i læringsarbeidet i skulen.





Kjelder:



Wesch, M(2008) Anti-Teaching - Confronting the crisis of significance, Education Canada Vol 48(2) [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf

http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04
http://itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf
http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf

torsdag 22. januar 2009

Bloggtest.

Då testar vi. Blogg er nybrotsarbeid for min del, skal verte interessant å sjå korleis den vert etterkvart.