
Enkelt og brukarvennleg
Programmet er eit fint og artig tilskot til arbeid med bilete og biletseriar. Anten ein ynskjer å bruke det i skulen eller privat. Det å kunne legge til snakkebobler, plakatar og anna som vi finn i teikneseriar set ein ekstra spiss på det å arbeide vidare med biletmateriale. Å sette seg ned med programmet ei stund og prøve seg fram er ein flott måte å lære på. Og etter ei stund så har du laga deg fotomontasjar med tekst, striper eller biletforteljingar frå ferieturen. Det eg sakna i første omgang var litt fleire grafiske symbol og det å kunne teikne inne i biletet. Elles så får ein kanskje lyst til å endre på teksten i snakkeboblene etter som serien skrid fram. Det er litt tungvint om du skal slette ei heil side fordi du ikkje er fornøgd med teksta. Du kan vel kanskje berre legg ei ny snakkeboble oppå den du ikkje er fornøgd med, men eg kunne altså ha tenkt meg berre å merke teksta og skrive ny. I alle fall eit enkelt og motiverande verktøy.
Korleis skal vi så kunne bruke eit program som kan lage samansette tekster av bilete og skrift til å nå måla i Kunnskapsløftet? Kan dette programmet gi nokon meirverdi i undervisninga? Ser vi etter i Kunnskapsløftet så er det ikkje vanskeleg å finne fag der dette programmet kan vere aktuelt.
Kunst og handverksfaget
I Kunnskapløftet står det som læringsmål i visuell kommunikasjon etter 7. skuleåret:
"Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserie og film
- fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt
- sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hevrandre i ulike sammenhenger
I måla frå 8. - 10. trinn står det:
- bruke ulike funksjoner i bildebehandlingsprogram
I Kunnskapsløftet står dette i læreplanen for norsk under formål:
"Norskfaget forholder seg til et bredt spekter av tekster, både muntlige, skriftlige og sammensatte tekster, der skrift, lyd og bilder spiller sammen. Et norskfag for vår tid bygger på et utvidet tekstbegrep som inkluderer alle disse tekstformene. Faget skal hjelpe elevene til å orientere seg i mangfoldet av tekster og gi rom for opplevelse, læring, refleksjon og vurdering."
Ei tydeleg formulering som viser til verdien i det å lage og bruke samansette tekster. Comic Life vil her vere eit fint verktøy til å kombinere bilete og tekst anten det er serier eller einskildbilete. Elevane kan lage dialogar, reklame, loggar, dokumentasjon og liknande arbeid som samansette tekstar. I tillegg til å lage slikt arbeid sjølve så vil dei lære mykje også ved å vere med å vurdere sitt eige og andre sitt arbeid som det også er vist til i Kunnskapsløftet. Under kompetansemål for samansette tekster etter 7.årstrinn står det at eleven skal kunne:"lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy."
Andre språkfag
Comic life vil vere ein fin måte å nærme seg andre språkfag på også. Til dømes kan ein nytte bilete og tekst til å skildre ord, uttrykk og korte dialogar. Kombinasjonen med passande bilete vil nok for mange elevar verke svært motiverande. Her kan læraren plukke ut bilete som elevane kan velge mellom for å lage samansette tekstar.
Mat og helse
Det å kunne lage presentasjonar med tekst og bilete eignar seg godt i mat og helse. Her kan elevane lage oppskrifter som samansette tekster. Oppskrifta kan innehalde tekst og bilete med enkle skildringar av arbeidsoppgåver som må utførast i samband med å lage retten. Ei flott og kreativ oppgåve som vil gå inn mot det som står om mat og kultur etter 7.klasse i Kunnskapsløftet: "Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: utvikle, lage og presentere eit produkt."
Comic life er eit program som vil kunne nyttast i ulike fag og samanhengar i skulen. Det vil vere eit flott supplement til andre digitale verktøy for elevane sin produksjon av samansette tekstar.
Kjelder: