Ved å sjå over programvare eg sjølv nyttar i undervisninga og etter å studert programvare på
http://utdanning.no/laering (Verktøy + Spill, drill og enkle øvinger) er det ei ganske grei sak å plassere dei i ein Koschmann-kategori og i høve til Hutchings kube. Det syner seg fort eit skille i korleis desse ulike programvarene er i bruk. Somme er program som gir brukaren direkte tilbakemelding på om eit svar er rett eller gale og der han/ho er ganske passiv, åleine og utan samhandling med andre. I andre enden dreier det seg om programvare som føreset ein aktiv brukar med mykje kontroll sjølv i samhandling med andre og der varierande løysingar kan finnast.
CAI(Computer Assisted Instruction)
Midgard sine geografisider er døme på programvare i denne kategorien. I høve Hutchings kube er denne brukaren utan særleg mykje kontroll, ganske passiv og prisgitt eigne kunnskapar og programmet. Gruble.net sine program ligg i same kategori, men her får i alle fall eleven eit tips om å øve meir.
ITS(Information Processing Theory)
Ressurssidene til Norsk Nettskole kan vere døme på programvare som ligg i denne kategorien. I alle fall så gir programmet her tips til brukaren om kva som er feil slik at han kan prøve å rette den i eit nytt forsøk. Brukaren er her litt meir aktiv enn i forrige kategori og kan seiast å ha litt meir kontroll også. Men framleis eit ganske lavt nivå i høve Hutchings kube.
Kartleggeren til Grieg multimedia er programvare som er spesielt laga for å kartlegging av elevar og som i etterkant kan lage ein IAP(Individuell Arbeidsplan) på eleven med sikte på kva slags oppgåver det må øvast meir på. Først og fremst eit verktøy for læraren med tanke på diagnostisering av den einskilde elev. I høve Hutchings kube på ganske lavt nivå for eleven.
Logo-as latin(Tenkeverktøy)
Bridge Construction Set er programvare i "tenkeverktøy"-kategorien. Brukaren må her tenkje kreativt og planlegge korleis oppgåva skal løysast. Brua må byggast innanfor ei prisramme, den må lagast slik at bilar eller tog kjem over og sist men ikkje minst så må den klare testen. I høve Hutchings kube har brukaren meir kontroll og må vere mykje meir aktiv i tankeprosessane, men framleis manglar samarbeidsbiten med andre.
CSCL(Computer-supported-collaborative-learning
Gjennom dette studieåret har vi nytta mange verktøy i denne kategorien. Gjennom til dømes Google docs og Mindamo har vi vore aktive og delt tankar og løysingar med kvarandre. Skype, MSN og Google talk og andre har vore nytta som kommunikasjon. Desse kan nyttast på alle nivå og desse programma plasserer seg på eit høgt nivå i høve Hutchings kube. Stor brukarkontroll, stor aktivitet og læring i samarbeid med andre.