Flickr, Deliscious og Picasa er nettstadar der brukarane kan legge ut bilete. Brukaren kan også avgjere om bileta skal vere private eller offentlege. Dersom ein nyttar bokmerke så er det lettare å finne bilete ein er på jakt etter og ofte er dei av ein annan karakter enn bilete ein finn med andre søkemotorar. Slike bilete kan ofte eigne seg å bruke i elevarbeid eller i synleggjering av konkreter i undervisninga. Det er viktig å ta hensyn til kva lisens bileta er publiserte under for korleis ein skal nytte dei. I skulesamanheng vil eg vere forsiktig med å la elevane legge ut bilete, då må det i så fall vere under rettleiing.
YouTube er ein nettstad der du finn filmsnuttar av ulikt slag. Her er det også brukarane som legg ut og deler filmane med andre. I mange samanhengar er det her også mogleg å finne filmsnuttar som kan konkretisere alt frå musikktyper, landskapsformer, brukarrettleiingar, dans, idrettsprestasjonar, yrkesutøving frå gamal og ny tid og så vidare. Ein skal likevel vere varsom med kva elevane søkjer på for her ligg diverse ueigna stoff også. Somme elevar legg i dag ut filmsnuttar på privat basis og eg ville vere svært varsam med om det skulle skje i skulen sin regi.
Mindamo er eit nettbasert tankekart som kan delast med andre. Eg har ikkje nytta det spesielt inn mot elevane enno, men eg har brukt det ein del i undervisningasplanlegginga mi. Kjem heilt sikkert til å nytte det med elevane også for det vil gjere samarbeid i grupper lettare. Medlemmene i gruppa vil kunne nå det delte tankekartet og kan vere med å utforme det berre dei har tilgang til nettet. Ikkje minst så er det ikkje nokon lenger som har gløymt det heime eller har mista det. Det å kunne legge inn lenkjer i tankekartet vil også vere ein stor fordel. Då har ein plutseleg masse ressursar samla på ein stad.
Google dokumenter opnar også for samskriving elevane imellom. Dokumentet ligg der ute på nettet og alle kan følge med og bidra frå sin stad anten dei er på romet heime eller på skulen. Det vil verte lettare fordi dokumentet kan nåast på nettet og ein kan legge inn endringar, redigere eller kanskje gå attende til ein tidlegare versjon. På same tid vil det heile tida vere tydeleg kven som har lagt inn dei ulike endringane.
Blogging er noko somme elevar allereie har på privat basis. Inne i LMS ligg det også ein blogg for kvar einskild brukar. I alle høve vil det vere svært viktig at elevane sit inne med gode vanar når det gjeld kva dei legg ut på bloggen sin, men at det vil vere ein god måte å lære på er sikkert.
Ved bloggar som ligg utanom skulen si plattform vil det vere nødvendig med klare reglar for kva som ikkje bør publiserast og elevane må vite korleis dei kan avgrense kven som kan kome inn på bloggen deira.
Netvibes er eit verktøy som kan hjelpe læraren og elevane i det å finne og samle informasjon frå gode nettressursar. Ved hjelp av RSS kan ein her lage ulike faner som gir brukaren tilgang på tekster, bilete, videoar, nyheiter med meir innanfor eit avgrensa felt. I staden for å leite etter desse nyheitene så vil RSS føre desse nyheitene til deg autamtisk. Ein kan på førehand kvalitetssikre kjeldene slik at ein får god og objektiv informasjon inn i den aktuelle fana.
Wikiar er brukarbaserte samlingar av informasjon som kan publiserast og delast om ein
ynskjer det. Har i vår starta opp og administrerer mange wikiar på min eigen skule. Desse vert etterkvart gjort tilgjengelege for elevar og lærarar ved skulen. På den måten kan samling av informasjon og kunnskap kome alle på skulen til gode og danne ein bank for komande skuleår. Formålet var i første omgang å sikre at lokalhistorisk informasjon skulle samlast på ein stad, men etterkvart har dette auka i omfang og det kan gjerne nyttast innanfor den einskilde klasse også.
ynskjer det. Har i vår starta opp og administrerer mange wikiar på min eigen skule. Desse vert etterkvart gjort tilgjengelege for elevar og lærarar ved skulen. På den måten kan samling av informasjon og kunnskap kome alle på skulen til gode og danne ein bank for komande skuleår. Formålet var i første omgang å sikre at lokalhistorisk informasjon skulle samlast på ein stad, men etterkvart har dette auka i omfang og det kan gjerne nyttast innanfor den einskilde klasse også.Har skrive dette innlegget med mine eigne 6.klassingar i tankane. Veit at svært mange av desse også nyttar sosiale nettverk som Nettby, men trur ikkje at eg i første omgang kjem til å involvere slike i undervisningssituasjonen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar