torsdag 30. april 2009

Web 2.0 verktøy i undervisninga

Potensialet til ulike web 2.0-verktøy i undervisningssamanheng kan nok variere på ulike måtar, men mange av dei vil avgjort kunne forsvare nytteverdien i undervisninga. Meirverdien av å bruke dei i eit undervisningsopplegg er viktig, men det er også verdien av å lære seg å bruke slike verktøy i ulike samanhengar. Her vil eg sjå på nokre av desse verktøya og reflektere over korleis dei kan nyttast i undervisningssamanheng.


Flickr, Deliscious og Picasa er nettstadar der brukarane kan legge ut bilete. Brukaren kan også avgjere om bileta skal vere private eller offentlege. Dersom ein nyttar bokmerke så er det lettare å finne bilete ein er på jakt etter og ofte er dei av ein annan karakter enn bilete ein finn med andre søkemotorar. Slike bilete kan ofte eigne seg å bruke i elevarbeid eller i synleggjering av konkreter i undervisninga. Det er viktig å ta hensyn til kva lisens bileta er publiserte under for korleis ein skal nytte dei. I skulesamanheng vil eg vere forsiktig med å la elevane legge ut bilete, då må det i så fall vere under rettleiing.


YouTube er ein nettstad der du finn filmsnuttar av ulikt slag. Her er det også brukarane som legg ut og deler filmane med andre. I mange samanhengar er det her også mogleg å finne filmsnuttar som kan konkretisere alt frå musikktyper, landskapsformer, brukarrettleiingar, dans, idrettsprestasjonar, yrkesutøving frå gamal og ny tid og så vidare. Ein skal likevel vere varsom med kva elevane søkjer på for her ligg diverse ueigna stoff også. Somme elevar legg i dag ut filmsnuttar på privat basis og eg ville vere svært varsam med om det skulle skje i skulen sin regi.


Mindamo er eit nettbasert tankekart som kan delast med andre. Eg har ikkje nytta det spesielt inn mot elevane enno, men eg har brukt det ein del i undervisningasplanlegginga mi. Kjem heilt sikkert til å nytte det med elevane også for det vil gjere samarbeid i grupper lettare. Medlemmene i gruppa vil kunne nå det delte tankekartet og kan vere med å utforme det berre dei har tilgang til nettet. Ikkje minst så er det ikkje nokon lenger som har gløymt det heime eller har mista det. Det å kunne legge inn lenkjer i tankekartet vil også vere ein stor fordel. Då har ein plutseleg masse ressursar samla på ein stad.


Google dokumenter opnar også for samskriving elevane imellom. Dokumentet ligg der ute på nettet og alle kan følge med og bidra frå sin stad anten dei er på romet heime eller på skulen. Det vil verte lettare fordi dokumentet kan nåast på nettet og ein kan legge inn endringar, redigere eller kanskje gå attende til ein tidlegare versjon. På same tid vil det heile tida vere tydeleg kven som har lagt inn dei ulike endringane.


Blogging er noko somme elevar allereie har på privat basis. Inne i LMS ligg det også ein blogg for kvar einskild brukar. I alle høve vil det vere svært viktig at elevane sit inne med gode vanar når det gjeld kva dei legg ut på bloggen sin, men at det vil vere ein god måte å lære på er sikkert.
Ved bloggar som ligg utanom skulen si plattform vil det vere nødvendig med klare reglar for kva som ikkje bør publiserast og elevane må vite korleis dei kan avgrense kven som kan kome inn på bloggen deira.


Netvibes er eit verktøy som kan hjelpe læraren og elevane i det å finne og samle informasjon frå gode nettressursar. Ved hjelp av RSS kan ein her lage ulike faner som gir brukaren tilgang på tekster, bilete, videoar, nyheiter med meir innanfor eit avgrensa felt. I staden for å leite etter desse nyheitene så vil RSS føre desse nyheitene til deg autamtisk. Ein kan på førehand kvalitetssikre kjeldene slik at ein får god og objektiv informasjon inn i den aktuelle fana.


Wikiar er brukarbaserte samlingar av informasjon som kan publiserast og delast om ein ynskjer det. Har i vår starta opp og administrerer mange wikiar på min eigen skule. Desse vert etterkvart gjort tilgjengelege for elevar og lærarar ved skulen. På den måten kan samling av informasjon og kunnskap kome alle på skulen til gode og danne ein bank for komande skuleår. Formålet var i første omgang å sikre at lokalhistorisk informasjon skulle samlast på ein stad, men etterkvart har dette auka i omfang og det kan gjerne nyttast innanfor den einskilde klasse også.


Har skrive dette innlegget med mine eigne 6.klassingar i tankane. Veit at svært mange av desse også nyttar sosiale nettverk som Nettby, men trur ikkje at eg i første omgang kjem til å involvere slike i undervisningssituasjonen.

onsdag 29. april 2009

Picasa Nettalbum




Å ta digitale bilete i samband med turar og ekskursjonar er ein fin måte å dokumentere og konkretisere på. Elevar og lærarar kan ta bilete som i ettertid kan samlast i album og delast med dei ein ynskjer. Ei slik løysing finn vi i Picasa Nettalbum. Bilete av planter, fuglar, fisk, bygningar, turmål, attraksjonar, landskapsformer med meir kan samlast i nettalbum som vert delte med dei ein ynskjer å vise dei til. Merking med etikettar og "geotagging" vil også gjere dei lettare å søke opp. Om ein berre tek dei rette hensyna til personvern og opphavsrett så kan bileta slik verte ei flott kjelde for elevar, lærarar og andre. Bileta kan ligge meir eller mindre ope alt etter kva krav ein stiller når ein legg dei ut.

Elevane kan i arbeidet sitt dokumentere og synleggjere arbeid og lærdom. Å nytte digitale verktøy skal kunne nyttast i alle fag og her ligg det ei kjelde der dei kan lære om ulike fag og samstundes auke kompetansen sin i det å nytte digitale verktøy. Gjennom å ta bilete, laste dei opp i eit nettalbum, dele dei med andre og kanskje i tillegg nytte dei i føre- eller etterarbeid i eit fagleg emne så lærer dei mykje. Det er naturlegvis ein føresetnad at dette medfører ein meirverdi i høve til det læringsmålet ein har sett seg. Eit anna viktig mål må vere lærdomen i korleis ein skal handsame bilete på nett. Det vil i skulesamanheng vere svært viktig for læraren å sjå til at det vert tatt nok hensyn i publisering av bilete.

Privat bilete kan delast med familie og venner om ein ynskjer det. Dersom elevane i skulesamanheng eller heime tileignar seg god lærdom om godt nettvet og lærer seg å ta dei rette hensyna når det gjeld personvern og opphavsrett så kan slike nettalbum også vere ein flott måte å dele bilete frå ulike opplevingar på. Familie, venner, klassekameratar, klubbvenner og så bortetter kan dele bilete med kvarandre, og sjølv om ein bur langt unna så kan ein likevel verte "delaktig" i noko ein annan ynskjer å vise fram. Turen til fjelltoppen eller biletet frå bryllupet kan dermed verte eit felleseige om ein ynskjer det.


Hensyn er likevel eit viktig ord i samband med det å legge bilete ut på nettet. Det synest som om både elevar, lærarar, foreldre og andre i dag har svært varierande kunnskap om kva dei bør legge ut på nettet og korleis. Gjennom ein dialog i skulen og mellom heim og skule vil det vere viktig å gi barn og unge nok kunnskap om godt nettvet til at dette kan verte eit positivt og godt verktøy for alle både i skulen og elles i tida framover.

torsdag 23. april 2009

Bridge Construction Set


Eit program som kan plasserast i Koschmann - kategorien "Logo-as latin". Her får brukaren prøve seg fram og må vurdere konstruksjonen av brua både for å klare budsjettet og ikkje minst for å klare styrketesten.

Korleis må dekket på brua vere for at bilar og tog skal kome over? Korleis må rammeverket vere? Skal det vere hengebru? Kva med den estetiske sida? Passar brua i landskapet? I det heile kan ein her legge vekt på mange ulike sider.

Her har vi eit program med tilknytingspunkt til mange fag. Kunst og handverk, matematikk, engelsk, norsk, naturfag, samfunnsfag er alle med her. Om ein ynskjer kan brukaren dokumentere arbeidet skriftleg og nytte skjermkutt av brua som illustrasjon. Eit kreativt og artig tenkeprogram som heilt sikkert vil falle i smak med elevar og lærarar.

Over er ei 80 meters jernbanebru med maks busjett på $15000. Kostnaden vart $8819, den passerte testen og vart godkjent.

tirsdag 21. april 2009

Programvare for læringsarbeid - Koschmann-kategori og Hutchings kube.

Ved å sjå over programvare eg sjølv nyttar i undervisninga og etter å studert programvare på http://utdanning.no/laering (Verktøy + Spill, drill og enkle øvinger) er det ei ganske grei sak å plassere dei i ein Koschmann-kategori og i høve til Hutchings kube. Det syner seg fort eit skille i korleis desse ulike programvarene er i bruk. Somme er program som gir brukaren direkte tilbakemelding på om eit svar er rett eller gale og der han/ho er ganske passiv, åleine og utan samhandling med andre. I andre enden dreier det seg om programvare som føreset ein aktiv brukar med mykje kontroll sjølv i samhandling med andre og der varierande løysingar kan finnast.



CAI(Computer Assisted Instruction)
Midgard sine geografisider er døme på programvare i denne kategorien. I høve Hutchings kube er denne brukaren utan særleg mykje kontroll, ganske passiv og prisgitt eigne kunnskapar og programmet. Gruble.net sine program ligg i same kategori, men her får i alle fall eleven eit tips om å øve meir.

ITS(Information Processing Theory)
Ressurssidene til Norsk Nettskole kan vere døme på programvare som ligg i denne kategorien. I alle fall så gir programmet her tips til brukaren om kva som er feil slik at han kan prøve å rette den i eit nytt forsøk. Brukaren er her litt meir aktiv enn i forrige kategori og kan seiast å ha litt meir kontroll også. Men framleis eit ganske lavt nivå i høve Hutchings kube.
Kartleggeren til Grieg multimedia er programvare som er spesielt laga for å kartlegging av elevar og som i etterkant kan lage ein IAP(Individuell Arbeidsplan) på eleven med sikte på kva slags oppgåver det må øvast meir på. Først og fremst eit verktøy for læraren med tanke på diagnostisering av den einskilde elev. I høve Hutchings kube på ganske lavt nivå for eleven.

Logo-as latin(Tenkeverktøy)
Bridge Construction Set er programvare i "tenkeverktøy"-kategorien. Brukaren må her tenkje kreativt og planlegge korleis oppgåva skal løysast. Brua må byggast innanfor ei prisramme, den må lagast slik at bilar eller tog kjem over og sist men ikkje minst så må den klare testen. I høve Hutchings kube har brukaren meir kontroll og må vere mykje meir aktiv i tankeprosessane, men framleis manglar samarbeidsbiten med andre.

CSCL(Computer-supported-collaborative-learning
Gjennom dette studieåret har vi nytta mange verktøy i denne kategorien. Gjennom til dømes Google docs og Mindamo har vi vore aktive og delt tankar og løysingar med kvarandre. Skype, MSN og Google talk og andre har vore nytta som kommunikasjon. Desse kan nyttast på alle nivå og desse programma plasserer seg på eit høgt nivå i høve Hutchings kube. Stor brukarkontroll, stor aktivitet og læring i samarbeid med andre.

torsdag 16. april 2009

Sosial programvare - personvern og etiske utfordringar.

I dette studiet har vi vore innom mange web 2.0 applikasjonar eller sosial programvare sagt med eit anna namn. Vi har også arbeidd med personvern og dei etiske utfordringane vi finn på dette feltet. Av det eg kan høyre om i media og som eg får kjennskap til når eg snakkar med kjenningar så har eg ei sterk kjensle av at alfor mange bruker sosial programvare på ein lite gjennomtenkt måte. No er det ikkje alle desse web 2.0 applikasjonane som er like utsette for misbruk heldigvis.



Nettsamfunn


Dei sosiale nettsamfunna er etter mitt inntrykk dei mest utsette og då særleg dei som er opne for alle. Det å bruke desse krev at brukaren er seg medvite både kven som kan lese/sjå og ikkje minst kva ein sjølv legg ut om seg sjølv og andre. Her vert truleg lovene om personvern og opphavsrett brotne massevis av gongar kvar einaste dag. Nettsamfunn som til dømes Nettby og Twitter er opne for alle. Kven som helst kan gå inn og sjå kva som vert lagt ut, kopiere det og bruke det vidare. Då er det tross alt mykje betre med samfunn som til dømes Fjesboka, MSN og Skype der den einskilde brukaren kan bruke innstillingane for å gjere restriksjonar på kven som får tilgang. Men uansett så er der ein sjans for at uvedkomande får tilgang og då er kunnskap om personvern, nettvet og etiske retningslinjer ved bruk svært viktig. Dette må lærast og då vert heimane og skulane viktige bidragsytarar.



Mobiltelefon, e-post

Det å bruke mobil og mail krev også at ein tek etisk ansvar. Mykje mobbing skjer ved hjelp av desse verktøya så her er det også svært viktig at ansvarlege voksne kan hjelpe born og unge til ein fornuftig og trygg bruk.

YouTube

Mange driv i dag med fildeling av bilete, musikk og film ikkje minst grunna at brukargrensesnittet på desse verktya i dag er lavt. Det er lett å lære seg. Her kjem og den etiske sida inn for fullt. Opphavsrett, personvern og fornuftig nettvet vert svært avgjerande for kva som vert lagt ut og kvar den etiske terskelen vert liggande. Mange opplever nok at dei sjølve havnar ute på nettet i lite hyggelege situasjonar og er dei først komne der så er det ikkje lett å kome derifrå.

Konklusjon

Det å lære seg etisk bruk av sosial programvare er i dag svært viktig. Mange veit i dag altfor lite om korleis nettet fungerer. Mange er altfor lite kritiske i korleis dei sjøve bruker desse verktya. Dette må lærast på lik linje med til dømes å rekne. Her må dei vaksne hjelpe til. Foreldre ynskjer det beste for borna sine og det må gjelde også ved bruk av sosial programvare. Heimane og skulen må samarbeide og ikkje minst gå føre som gode døme på fornuftig og etisk bruk av desse applikasjonane.

Dette innlegget er mitt pesonlege inntrykk av korleis det står til med personvern og etikk ved bruk av sosial programvare.

onsdag 15. april 2009

Generasjon.com

Boka av Elise Seip Tønesen gir eit bilete av barn og unge sitt forhold til den moderne digitale teknologien. Borna det statistiske materialet i boka byggjer på er første generasjon som har opplevd ein medierevolusjon i si eiga levetid. Dei er innfødde i dette landskapet i motesetnad til oss andre som må sjåast på som immigrantar. Og som tittelen gjev signal om - "barn og unges mediekultur i dag er internasjonal og kommersiell, det nasjonale spiller mindre rolle enn før".

Sesamgenerasjonen

Desse unge har vokse opp med eit kommersielt fleirkanaltilbod i fjernsynet samstundes med at utbreiing av datamaskiner til heimebruk og tilknyting til verdensveven har skote fart. Og alt endrar seg med stor fart, alt vert skifta ut. Det er stadig ny hardware å halde seg orientert om og nye versjonar av software og bruksfunksjonar. Dette krev ei anna tankemessig tilnærming enn det som samfunn og heimar har lagt vekt på i oppfostringa enn tidlegare. I dag er det ofte jamaldringar som kan litt meir som vert viktige læremeisterar(Vygotsky 1978: "more competent peers".

Tilgang og bruk

Ny teknologi spreier seg fort i ungdomsgenerasjonen. Barn og unge lærer fort og mange er raske til å ta ny teknologi i bruk. Datamaskinene og tilgang til breiband har også flytta datamaskiner frå stova og inn på dei unge sitt eige rom. Brukarvennlege grensesnitt gjer terskelen lav for å lære seg nye måtar og samanhengar å nytte digitale hjelpemiddel. Mobiltelefonen er i vanleg i lomma til 10-åringen og ofte dei som er enda yngre og. Nettsamfunn og e-post er og ein vanleg arena for svært mange. Her syner det seg at ulike nettsamfunn appelerer til ulike aldersgrupper. Dessutan ser ein skilnader på jenter og gutar sin bruk av datamaskiner.

Spel - chat

Boka viser til at gutar nyttar datamskiner meir til spel enn det jentene gjer. Jentene på si side nyttar maskinene meir til chat og e-post. Boka gir i det heile eit godt og stort bilete på variasjonar i bruk både mellom kjønn og kva typer dei unge er. Er dei lesehestar eller høyrer dei til ein annan kategori. Det kjem også godt fram i boka kva fjernsynsvanar dei unge har.

Ny bruk

Dei digitale verktya gjer det i dag mogleg ikkje berre å konsumere fakta, men også å bruke, produsere og dele med andre den kunnskap ein finn fram til. Dette er også noko ungdomsgenerasjonen er raske til å ta etter. Her finst store moglegheiter og for oss som lærarar og foreldre er det ei utfordring å prøve å hjelpe den einskilde til å kunne nytte verdensveven på ein god måte.

Denne boka gir fin innsikt i dei unge sin mediekultur i dag og kan fungere som eit godt fundament for voksne når ein skal prøve å gi dei unge gode vanar i bruk av nettet. Det er også ein del av ansvaret til heimane og skulen.

søndag 1. mars 2009

Xtranormal - text-to-movie. Nytteverdi i skulen?

Nett-applikasjonen Xtranormal er eit verktøy med eit enkelt brukargrensesnitt. Det kan nyttast til å lage animerte "rollespel" som monologar eller dialogar. Du vel frå ein meny både stemmer, persongalleri, ansiktsuttrykk, rørsler, utsjånad, kameravinklar, animasjonar, bakgrunnsmusikk, miljøet for scena, fargar, talet på scener og så vidare. Alt dette er "robotprega", men likevel ganske artig. Den store kreativiteten klarer dette programmet ikkje å skaffe fram, men det er ganske mange scener, musikk, lydar, "robotar"(personar) og anna å velge mellom. Det er likvel svært enkelt å få desse figurane til å snakke. Det er berre å skrive inn det du ynskjer at dei skal seie på engelsk, tysk eller fransk. Rett nok snakkar fugurane litt raskt og det kan verte vanskeleg for somme av elevane.

Kva er så bruksområdet til dette programmet? Sidan figurane berre snakkar engelsk, tysk eller fransk så er det framandspråk som peikar seg ut her. Det vil fungere godt til innlæring av strukturar, til å lage korte samtaler(rollespel) frå ulike miljø, til å lage korte forteljingar som dialogar eller monologar. Hadde det vore fleire språk tilgjengelege så kunne bruksområdet vorte mykje større. Ein kunne sjå for seg norsk, rle, samfunnsfag og mange andre fag der munnleg bruk av språk til dialogar, samtaler med meir er sentralt.


I denne artikkelen har eg berre nytta meg sjølv og det eg etter mange år i skulen ser for meg som bruksområder for dette programmet. Enkelt, kjekt, brukarvennleg og motiverande, men eg ser for meg at det kjem noko med enda større bruksområde etter kvart.

tirsdag 17. februar 2009

Comic life



Enkelt og brukarvennleg

Programmet er eit fint og artig tilskot til arbeid med bilete og biletseriar. Anten ein ynskjer å bruke det i skulen eller privat. Det å kunne legge til snakkebobler, plakatar og anna som vi finn i teikneseriar set ein ekstra spiss på det å arbeide vidare med biletmateriale. Å sette seg ned med programmet ei stund og prøve seg fram er ein flott måte å lære på. Og etter ei stund så har du laga deg fotomontasjar med tekst, striper eller biletforteljingar frå ferieturen. Det eg sakna i første omgang var litt fleire grafiske symbol og det å kunne teikne inne i biletet. Elles så får ein kanskje lyst til å endre på teksten i snakkeboblene etter som serien skrid fram. Det er litt tungvint om du skal slette ei heil side fordi du ikkje er fornøgd med teksta. Du kan vel kanskje berre legg ei ny snakkeboble oppå den du ikkje er fornøgd med, men eg kunne altså ha tenkt meg berre å merke teksta og skrive ny. I alle fall eit enkelt og motiverande verktøy.

Korleis skal vi så kunne bruke eit program som kan lage samansette tekster av bilete og skrift til å nå måla i Kunnskapsløftet? Kan dette programmet gi nokon meirverdi i undervisninga? Ser vi etter i Kunnskapsløftet så er det ikkje vanskeleg å finne fag der dette programmet kan vere aktuelt.

Kunst og handverksfaget



I Kunnskapløftet står det som læringsmål i visuell kommunikasjon etter 7. skuleåret:

"Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:



  • lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserie og film



  • fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt



  • sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hevrandre i ulike sammenhenger

I måla frå 8. - 10. trinn står det:





  • bruke ulike funksjoner i bildebehandlingsprogram
Norskfaget

I Kunnskapsløftet står dette i læreplanen for norsk under formål:



"Norskfaget forholder seg til et bredt spekter av tekster, både muntlige, skriftlige og sammensatte tekster, der skrift, lyd og bilder spiller sammen. Et norskfag for vår tid bygger på et utvidet tekstbegrep som inkluderer alle disse tekstformene. Faget skal hjelpe elevene til å orientere seg i mangfoldet av tekster og gi rom for opplevelse, læring, refleksjon og vurdering."

Ei tydeleg formulering som viser til verdien i det å lage og bruke samansette tekster. Comic Life vil her vere eit fint verktøy til å kombinere bilete og tekst anten det er serier eller einskildbilete. Elevane kan lage dialogar, reklame, loggar, dokumentasjon og liknande arbeid som samansette tekstar. I tillegg til å lage slikt arbeid sjølve så vil dei lære mykje også ved å vere med å vurdere sitt eige og andre sitt arbeid som det også er vist til i Kunnskapsløftet. Under kompetansemål for samansette tekster etter 7.årstrinn står det at eleven skal kunne:
"lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy."

Andre språkfag

Comic life vil vere ein fin måte å nærme seg andre språkfag på også. Til dømes kan ein nytte bilete og tekst til å skildre ord, uttrykk og korte dialogar. Kombinasjonen med passande bilete vil nok for mange elevar verke svært motiverande. Her kan læraren plukke ut bilete som elevane kan velge mellom for å lage samansette tekstar.







Mat og helse


Det å kunne lage presentasjonar med tekst og bilete eignar seg godt i mat og helse. Her kan elevane lage oppskrifter som samansette tekster. Oppskrifta kan innehalde tekst og bilete med enkle skildringar av arbeidsoppgåver som må utførast i samband med å lage retten. Ei flott og kreativ oppgåve som vil gå inn mot det som står om mat og kultur etter 7.klasse i Kunnskapsløftet: "Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: utvikle, lage og presentere eit produkt."




Comic life er eit program som vil kunne nyttast i ulike fag og samanhengar i skulen. Det vil vere eit flott supplement til andre digitale verktøy for elevane sin produksjon av samansette tekstar.



Kjelder:

Utdanningsdirektoratet(2006), Kunnskapsløftet - Fag og læreplanar. [Internett] Tilgjengeleg frå:http: http://www.udir.no/templates/udir/TM_UtdProgrFag.aspx?id=2103 [Lasta ned 16/02/09]

søndag 15. februar 2009

Filtrert internett i skulen?

På skulen sit elevane bak pc'en og arbeider. Læraren har skissert ei oppgåve der elevane skal bruke ressursar på nettet for å finne svaret på oppgåva. Om elevane sit i klasseromet eller på eit datarom så kan ikkje læraren(eller andre vaksne) vere tett på heile tida og det er sjølvsagt ikkje ynskjeleg heller. Somme av elevane treng gode tips på kvar dei skal leite medan andre er mykje meir orienterte om korleis dei skal gå fram for å finne stoffet dei treng. Attmed maskinene går praten og elevane får tips av kvarandre og det er flott. Her kan kanskje mange vere med på å drage lasset? Det hadde vore fint.

Vi lærarane har ei viktig oppgåve i å gi elevane kunnskap om nettet både når det gjeld korleis dei bør leite og korleis dei skal utøve god kildekritikk. Vi må vise dei gode eksempel både på leiting og vise kva som er god kildekritikk. På den måten vil elevane over tid lære både gode leiterutiner og lære korleis dei skal vurdere det dei finn.

Men kva om elevane kjem over innhald på internett som slett ikkje passar for born? Kan vi unngå det? Skal vi på førehand legge inn filter som hjelper oss med å halde desse sidene vekke frå elevane?
Becta fann i 2007 at 46 prosent av barn veit korleis dei skal kome seg forbi slike filter. Samstundes veit vi frå rapporten "Enhancing Child Safety and Online Technologies" at det ofte er barn og unge som aktivt søkjer det sjølve som kjem ut for skadelege, problematiske eller ulovlege sider på nettet.

Dersom føresette og skulen skal sette elevane i stand til å bruke nettet på ein etisk og god måte så må det vere mykje viktigare å lære dei gode etiske reglar for nettbruk enn å legge inn filter som dei vert opptekne av å unngå. "Frågan är inte vilka tekniska filter vi kan installera i datorerna, utan vilka etiska filter vi kan installera i eleverna." (Rask 2000)

Tilbake i klasseromet eller på dataromet så er det få elevar, i alle fall på mellomsteget, som kjem ut for ueigna sider på nettet. Då er det fordi dei medvite har nytta søkeord som har leia dei dit. Mi erfaring er og at dei då er raske til å kome seg vekk frå slike sider. Berre det viser vel eigentleg at dei har lært eitkvart om kva dei ikkje bør søke på? Så får vi fortelje dei om kva og kvifor.

Becta rapporten frå 2007 viser og at berre 11 prosent av foreldra til 11-åringar veit kva borna styrer med på nettet. Kanskje det er her utfordringa til trygg og etisk nettbruk ligg både for føresette og skulen. Å vere interessert og følge med på kva som skjer.

fredag 13. februar 2009

Sosial programvare - bruk og misbruk.

I skulen har arbeid med PC ofte dreia seg om å hente informasjon frå nettet til å løyse oppgåver, "spele" læringsrelaterte spel som ligg på maskina lokalt eller på nettet, men også til å produsere eigne tekstar for levering til lærar. Publisering av tekstar har vore mykje mindre brukt.

På fritida nyttar born og ungdom PC'en til spel, men også i stor grad til sosial programvare som til dømes MSN, Nettby, Blink, You Tube og Facebook. Somme bruker desse programma i mange timar kvar dag. Faktisk så mykje at det vart tatt opp som ei bekymring frå lærarhald at det går utover skulearbeidet. I eit intervju med ein elev på Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund så måtte guten medgje "at det nok går utover skulearbeidet".

I denne artikkelen vil eg kome inn på sider ved bruken av sosial programvare. Desse meiningane vil nok reflektere erfaringar eg har gjort meg og vil av den grunn vere mi subjektive oppfatning.

Sosial programvare er komen for å bli. Den er mykje nytta i fritida, men kjem også til å verte meir og meir nytta i skulen. Då er det viktig å få fram dei gode og lærerike sidene og redusere/avgrense negative sider. For å få det til må born og unge lære seg korleis dei skal nytte seg av desse programma på ein god og fornuftig måte. Samstundes må dei lære kva som ikkje er bra. Her kjem lærdomen av trygg nettbruk inn.

I livet elles er det slik at foreldre vil at borna deira skal ha det bra og at dei skal te seg fint. Dei prøver av den grunn å halde seg orienterte om kva borna styrer med, korleis dei har det, om dei vert erta eller mobba, at dei ikkje skal prate med framande og så vidare. Dei er litt "på vakt" når ungane er utanfor heimen.

Når det gjeld PC så kan det verke som om foreldra ikkje er så mykje på vakt.

Men er det så farleg om elevane sit attmed PC'en? Skjer det overgrep då? Kan nettet og sosial programvare vere farleg på nokon måte?

Vi veit at mobbing og overgrep er eit problem i samfunnet. Vi veit at dette også skjer på nettet. Born, unge og vaksne legg ut bilete, filmar og skriv inne på nettet, men veit dei nok om kva som kan vere konsekvensane av det dei gjer? Kva med personvernet? Det faktum at det skjer mobbing og overgrep er tydeleg dokumentasjon for at dei ikkje veit nok i alle fall.


"Enhancing Child Safety and Online Technologies"

I rapporten "Enhancing Child Safety & Online Technologies" frå Internet Safety Technical Task Force i desember 2008 er mobbing eitt av hovudelementa. Rapporten kan du laste ned her http://cyber.law.harvard.edu/pubrelease/isttf/ . Av den går det mellom anna fram at mobbing og overgrep på nettet ikkje skil seg særleg frå det som born og unge kan oppleve utanfor nettet og at dei ved aukande alder kan kome til å bidra til å verte utsett for slike situasjonar sjølve. Rapporten understrekar at det trengs meir forsking på dette feltet. Vidare kjem det fram at mobbing og trakassering frå jevnaldrande er det mest vanlege både på og utanfor nettet og at born og unge kan nytte desse sosiale nettverka til å halde på og forsterke tilhøve i allereie eksisterande sosiale relasjonar. Studien viser og til at gode familiestrukturar rundt dei unge vil vere positivt når det gjeld å ikkje verte utsett for slik mobbing. Dei som ofte kjem ut for vanskar elles i livet har ein tendens til å få vanskar på nettet og.


NOVA Rapport 16/08

I NOVA sin Rapport 16/08 ("Seksuelle krenkelser via nettet - hvor stort er problemet?") har hatt uroa som mange føler rundt barn og unge sin bruk av mobiltelefon og internett som fokus. Rapporten kan du laste ned her http://www.nova.no/?id=18483 . Studien er frå 2007 og vart gjennomført mellom avgangselevar i vidaregåande skule. Den viser ein generell tendens til at omfanget av mobbing og sjikane er synkande ved auka alder. Det er altså mest eit tenåringsfenomen. Jenter er mest utsett for seksuelle tilnærmingar over nettet. Å gi frå seg kontaktinformasjon til framande kan vere det første steget mot å verte utsett for slike overgrep og gutar er litt raskare til å gi frå seg slik informasjon enn jenter. Studien viser og at ungdom med dårleg forhold til foreldra sine, dårleg nettverk mellom sine jamnaldrande, homofil eller bifil orientering, tidleg alkoholdebut, tidleg seksualdebut, å ha vore utsett for seksuelle overgrep og nedsett funksjonsevne er grupper som har lettare for å verte utsett for slike overgrep. Gode jamnaldernettverk er den viktigaste vernande faktoren i høve til å takle utfordringar på nettet seier rapporten.
Resultata frå undersøkelsen viser heldigvis at det er få som vert utsette for slike overgrep(1,5 prosent av jentene og 0,7 prosent av gutane har blitt pressa eller trua til sex) og at overgriparen er oftare ein annan ungdom - heller enn ein voksen.
Som tiltak for å verne fleire frå overgrep foreslår ein betre og lettare rapporteringssystem på nettet(raud knapp), større ansvar på dei som driv slike nettstadar til å følge med og terapeutiske tiltak for dei som har vorte utsette for overgrep.

Desse rapportane fortel oss at det kan vere farer med å bruke sosial programvare, men samstundes veit vi at barn, ungdom og vaksne opplever mykje positivt med desse programma. For å unngå dei negative sidene vert altså opplæring til trygg nettbruk heilt vesentleg. Foreldra må involvere seg og ta ansvaret med dette heime og vi lærarane må sjå vårt ansvar for denne opplæringa på skulen.

søndag 25. januar 2009

Web 2.0 i læringssituasjonar.

Læring er grunnleggjande for alle levande skapningar. Frå første dag er det å lære heilt vesentleg for vidare utvikling. I skulen nyttar vi ulike strategiar og stilar for at elevane skal lære. Til ei kvar tid er vi opptekne av at elevane skal nå kompetansemåla i læreplanane for faga. I desse kompetansemåla ligg samfunnet sine krav til kva elevane i skulen skal lære for å verte gagnlege i samfunnet. Men er desse metodane gode nok eller finst det læringspotensiale i nye metodar?



Den teknologiske utviklinga går raskt og digitale verktøy som ikkje eksisterte for berre nokre få år sidan er i dag tilgjengeleg. Bruk av internett og læringsplattformer i undervisninga er i bruk på dei aller fleste skular i større eller mindre grad, medan dei fleste skular ikkje let elevane bruke web 2.0-verktøy (sosial web) i læringsarbeidet. Mange elevar og andre nyttar desse verktøya på privat basis og dette er populære aktivitetar, men er det læringspotensiale i dei?



Forskaren Michael Wesch er tilhengar av å nytte web 2.0-verktøy i skulesamanheng. Han ser den tradisjonelle måten å undervise på som ein trussel mot læring. Den fører til anti-læring fordi studentane ofte ser på forelesningar og innhaldet i dei som utan meining. "Kvifor skal vi lære dette?" spør studentane. Etter hans meining så vil den beste læringa skje utan læraren tilstades i klasseromet, for berre då vil elevane vere fri til å følgje dei spørsmåla som gir meining for dei sjølve. Han legg stor vekt på at læring skjer i samhandling med andre og at det å stille gode spørsmål skal føre til ei uendeleg rekkje med nye spørsmål som fører med seg ny kunnskap. Gjennom å nytte web 2.0-verktøy kan studentane finne fram til ny kunnskap for seg sjølve og andre ved å delta anten det er med nye spørsmål eller svar på dei. Det kan dei til dømes gjere gjennom wikiar og bloggar og gjennom å dele lyd og biletfiler med kvarandre.



Forskaren Neil Selwyn ser også læringspotensiale i web 2.0-verktøy, men han stiller kritiske spørsmål til om det er mogleg å tilpasse desse verktøya på ein slik måte at dei er betre enn andre læringsverktøy. Han stiller spørsmål til om born og unge aksepterer at desse verktøya, som dei nyttar utanfor skulen, skal dragast inn i skulen. Dessutan held han fram at bruken av slike sosiale nettverk svært varierande og i noko grad også avhengig av alder. Han stiller også spørsmål ved om elevane vil klare å nytte desse verktøya til vidare læring heller enn å nytte dei kun til sosial kontakt med andre dei har felles interesser med. Etter hans meining vil læraren her ha ei nøkkelrolle for å eventuelt kunne tilpasse desse verktya slik at dei vert brukbare til formålet. Han stiller og spørsmål ved korleis ein skal nå fram til eit læringsmål, eit pensum, og korleis dette skal kunne prøvast.





For meg ser det ut til å vere store oppgåver som må finne si løysing før web 2.0-verktøy vil fungere som gode læringsverktøy i skulen i dag. Både når det gjeld tilrettelegging frå skulen si side, men og med tanke på kor varierande datakunnskap og bruk av slike verktøy er mellom mine elevar. I dag er mange av elevane brukarar av nettverk som til dømes Nettby, men det er slett ikkje alle som er interessert i dette. Dersom eg skal kunne tilpasse sosial web til nyttige læringsverktøy i mi klasse så må eg først ha ei gruppe med elevar der i alle fall dei fleste ville kunne klare å ta del og det er ikkje tilfellet i dag.





Likevel, det er interessant med ny kunnskap og nye innspel i alt læringsarbeid. Web 2.0-verktøya er komne og så spørs det i kor stor grad slike verktøy kan bidra til ein meirverdi i læringsarbeidet i skulen.





Kjelder:



Wesch, M(2008) Anti-Teaching - Confronting the crisis of significance, Education Canada Vol 48(2) [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf

http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04
http://itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf
http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf

torsdag 22. januar 2009

Bloggtest.

Då testar vi. Blogg er nybrotsarbeid for min del, skal verte interessant å sjå korleis den vert etterkvart.