
Å ta digitale bilete i samband med turar og ekskursjonar er ein fin måte å dokumentere og konkretisere på. Elevar og lærarar kan ta bilete som i ettertid kan samlast i album og delast med dei ein ynskjer. Ei slik løysing finn vi i Picasa Nettalbum. Bilete av planter, fuglar, fisk, bygningar, turmål, attraksjonar, landskapsformer med meir kan samlast i nettalbum som vert delte med dei ein ynskjer å vise dei til. Merking med etikettar og "geotagging" vil også gjere dei lettare å søke opp. Om ein berre tek dei rette hensyna til personvern og opphavsrett så kan bileta slik verte ei flott kjelde for elevar, lærarar og andre. Bileta kan ligge meir eller mindre ope alt etter kva krav ein stiller når ein legg dei ut.
Elevane kan i arbeidet sitt dokumentere og synleggjere arbeid og lærdom. Å nytte digitale verktøy skal kunne nyttast i alle fag og her ligg det ei kjelde der dei kan lære om ulike fag og samstundes auke kompetansen sin i det å nytte digitale verktøy. Gjennom å ta bilete, laste dei opp i eit nettalbum, dele dei med andre og kanskje i tillegg nytte dei i føre- eller etterarbeid i eit fagleg emne så lærer dei mykje. Det er naturlegvis ein føresetnad at dette medfører ein meirverdi i høve til det læringsmålet ein har sett seg. Eit anna viktig mål må vere lærdomen i korleis ein skal handsame bilete på nett. Det vil i skulesamanheng vere svært viktig for læraren å sjå til at det vert tatt nok hensyn i publisering av bilete. 

Privat bilete kan delast med familie og venner om ein ynskjer det. Dersom elevane i skulesamanheng eller heime tileignar seg god lærdom om godt nettvet og lærer seg å ta dei rette hensyna når det gjeld personvern og opphavsrett så kan slike nettalbum også vere ein flott måte å dele bilete frå ulike opplevingar på. Familie, venner, klassekameratar, klubbvenner og så bortetter kan dele bilete med kvarandre, og sjølv om ein bur langt unna så kan ein likevel verte "delaktig" i noko ein annan ynskjer å vise fram. Turen til fjelltoppen eller biletet frå bryllupet kan dermed verte eit felleseige om ein ynskjer det.
Hensyn er likevel eit viktig ord i samband med det å legge bilete ut på nettet. Det synest som om både elevar, lærarar, foreldre og andre i dag har svært varierande kunnskap om kva dei bør legge ut på nettet og korleis. Gjennom ein dialog i skulen og mellom heim og skule vil det vere viktig å gi barn og unge nok kunnskap om godt nettvet til at dette kan verte eit positivt og godt verktøy for alle både i skulen og elles i tida framover.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar