jonar, bakgrunnsmusikk, miljøet for scena, fargar, talet på scener og så vidare. Alt dette er "robotprega", men likevel ganske artig. Den store kreativiteten klarer dette programmet ikkje å skaffe fram, men det er ganske mange scener, musikk, lydar, "robotar"(personar) og anna å velge mellom. Det er likvel svært enkelt å få desse figurane til å snakke. Det er berre å skrive inn det du ynskjer at dei skal seie på engelsk, tysk eller fransk. Rett nok snakkar fugurane litt raskt og det kan verte vanskeleg for somme av elevane. Kva er så bruksområdet til dette programmet? Sidan figurane berre snakkar engelsk, tysk eller fransk så er det framandspråk som peikar seg ut her. Det vil fungere godt til innlæring av strukturar, til å
lage korte samtaler(rollespel) frå ulike miljø, til å lage korte forteljingar som dialogar eller monologar. Hadde det vore fleire språk tilgjengelege så kunne bruksområdet vorte mykje større. Ein kunne sjå for seg norsk, rle, samfunnsfag og mange andre fag der munnleg bruk av språk til dialogar, samtaler med meir er sentralt.
lage korte samtaler(rollespel) frå ulike miljø, til å lage korte forteljingar som dialogar eller monologar. Hadde det vore fleire språk tilgjengelege så kunne bruksområdet vorte mykje større. Ein kunne sjå for seg norsk, rle, samfunnsfag og mange andre fag der munnleg bruk av språk til dialogar, samtaler med meir er sentralt.I denne artikkelen har eg berre nytta meg sjølv og det eg etter mange år i skulen ser for meg som bruksområder for dette programmet. Enkelt, kjekt, brukarvennleg og motiverande, men eg ser for meg at det kjem noko med enda større bruksområde etter kvart.