søndag 25. januar 2009

Web 2.0 i læringssituasjonar.

Læring er grunnleggjande for alle levande skapningar. Frå første dag er det å lære heilt vesentleg for vidare utvikling. I skulen nyttar vi ulike strategiar og stilar for at elevane skal lære. Til ei kvar tid er vi opptekne av at elevane skal nå kompetansemåla i læreplanane for faga. I desse kompetansemåla ligg samfunnet sine krav til kva elevane i skulen skal lære for å verte gagnlege i samfunnet. Men er desse metodane gode nok eller finst det læringspotensiale i nye metodar?



Den teknologiske utviklinga går raskt og digitale verktøy som ikkje eksisterte for berre nokre få år sidan er i dag tilgjengeleg. Bruk av internett og læringsplattformer i undervisninga er i bruk på dei aller fleste skular i større eller mindre grad, medan dei fleste skular ikkje let elevane bruke web 2.0-verktøy (sosial web) i læringsarbeidet. Mange elevar og andre nyttar desse verktøya på privat basis og dette er populære aktivitetar, men er det læringspotensiale i dei?



Forskaren Michael Wesch er tilhengar av å nytte web 2.0-verktøy i skulesamanheng. Han ser den tradisjonelle måten å undervise på som ein trussel mot læring. Den fører til anti-læring fordi studentane ofte ser på forelesningar og innhaldet i dei som utan meining. "Kvifor skal vi lære dette?" spør studentane. Etter hans meining så vil den beste læringa skje utan læraren tilstades i klasseromet, for berre då vil elevane vere fri til å følgje dei spørsmåla som gir meining for dei sjølve. Han legg stor vekt på at læring skjer i samhandling med andre og at det å stille gode spørsmål skal føre til ei uendeleg rekkje med nye spørsmål som fører med seg ny kunnskap. Gjennom å nytte web 2.0-verktøy kan studentane finne fram til ny kunnskap for seg sjølve og andre ved å delta anten det er med nye spørsmål eller svar på dei. Det kan dei til dømes gjere gjennom wikiar og bloggar og gjennom å dele lyd og biletfiler med kvarandre.



Forskaren Neil Selwyn ser også læringspotensiale i web 2.0-verktøy, men han stiller kritiske spørsmål til om det er mogleg å tilpasse desse verktøya på ein slik måte at dei er betre enn andre læringsverktøy. Han stiller spørsmål til om born og unge aksepterer at desse verktøya, som dei nyttar utanfor skulen, skal dragast inn i skulen. Dessutan held han fram at bruken av slike sosiale nettverk svært varierande og i noko grad også avhengig av alder. Han stiller også spørsmål ved om elevane vil klare å nytte desse verktøya til vidare læring heller enn å nytte dei kun til sosial kontakt med andre dei har felles interesser med. Etter hans meining vil læraren her ha ei nøkkelrolle for å eventuelt kunne tilpasse desse verktya slik at dei vert brukbare til formålet. Han stiller og spørsmål ved korleis ein skal nå fram til eit læringsmål, eit pensum, og korleis dette skal kunne prøvast.





For meg ser det ut til å vere store oppgåver som må finne si løysing før web 2.0-verktøy vil fungere som gode læringsverktøy i skulen i dag. Både når det gjeld tilrettelegging frå skulen si side, men og med tanke på kor varierande datakunnskap og bruk av slike verktøy er mellom mine elevar. I dag er mange av elevane brukarar av nettverk som til dømes Nettby, men det er slett ikkje alle som er interessert i dette. Dersom eg skal kunne tilpasse sosial web til nyttige læringsverktøy i mi klasse så må eg først ha ei gruppe med elevar der i alle fall dei fleste ville kunne klare å ta del og det er ikkje tilfellet i dag.





Likevel, det er interessant med ny kunnskap og nye innspel i alt læringsarbeid. Web 2.0-verktøya er komne og så spørs det i kor stor grad slike verktøy kan bidra til ein meirverdi i læringsarbeidet i skulen.





Kjelder:



Wesch, M(2008) Anti-Teaching - Confronting the crisis of significance, Education Canada Vol 48(2) [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf

http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04
http://itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf
http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf

torsdag 22. januar 2009

Bloggtest.

Då testar vi. Blogg er nybrotsarbeid for min del, skal verte interessant å sjå korleis den vert etterkvart.