Viser innlegg med etiketten sosial programvare. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sosial programvare. Vis alle innlegg

torsdag 16. april 2009

Sosial programvare - personvern og etiske utfordringar.

I dette studiet har vi vore innom mange web 2.0 applikasjonar eller sosial programvare sagt med eit anna namn. Vi har også arbeidd med personvern og dei etiske utfordringane vi finn på dette feltet. Av det eg kan høyre om i media og som eg får kjennskap til når eg snakkar med kjenningar så har eg ei sterk kjensle av at alfor mange bruker sosial programvare på ein lite gjennomtenkt måte. No er det ikkje alle desse web 2.0 applikasjonane som er like utsette for misbruk heldigvis.



Nettsamfunn


Dei sosiale nettsamfunna er etter mitt inntrykk dei mest utsette og då særleg dei som er opne for alle. Det å bruke desse krev at brukaren er seg medvite både kven som kan lese/sjå og ikkje minst kva ein sjølv legg ut om seg sjølv og andre. Her vert truleg lovene om personvern og opphavsrett brotne massevis av gongar kvar einaste dag. Nettsamfunn som til dømes Nettby og Twitter er opne for alle. Kven som helst kan gå inn og sjå kva som vert lagt ut, kopiere det og bruke det vidare. Då er det tross alt mykje betre med samfunn som til dømes Fjesboka, MSN og Skype der den einskilde brukaren kan bruke innstillingane for å gjere restriksjonar på kven som får tilgang. Men uansett så er der ein sjans for at uvedkomande får tilgang og då er kunnskap om personvern, nettvet og etiske retningslinjer ved bruk svært viktig. Dette må lærast og då vert heimane og skulane viktige bidragsytarar.



Mobiltelefon, e-post

Det å bruke mobil og mail krev også at ein tek etisk ansvar. Mykje mobbing skjer ved hjelp av desse verktøya så her er det også svært viktig at ansvarlege voksne kan hjelpe born og unge til ein fornuftig og trygg bruk.

YouTube

Mange driv i dag med fildeling av bilete, musikk og film ikkje minst grunna at brukargrensesnittet på desse verktya i dag er lavt. Det er lett å lære seg. Her kjem og den etiske sida inn for fullt. Opphavsrett, personvern og fornuftig nettvet vert svært avgjerande for kva som vert lagt ut og kvar den etiske terskelen vert liggande. Mange opplever nok at dei sjølve havnar ute på nettet i lite hyggelege situasjonar og er dei først komne der så er det ikkje lett å kome derifrå.

Konklusjon

Det å lære seg etisk bruk av sosial programvare er i dag svært viktig. Mange veit i dag altfor lite om korleis nettet fungerer. Mange er altfor lite kritiske i korleis dei sjøve bruker desse verktya. Dette må lærast på lik linje med til dømes å rekne. Her må dei vaksne hjelpe til. Foreldre ynskjer det beste for borna sine og det må gjelde også ved bruk av sosial programvare. Heimane og skulen må samarbeide og ikkje minst gå føre som gode døme på fornuftig og etisk bruk av desse applikasjonane.

Dette innlegget er mitt pesonlege inntrykk av korleis det står til med personvern og etikk ved bruk av sosial programvare.

fredag 13. februar 2009

Sosial programvare - bruk og misbruk.

I skulen har arbeid med PC ofte dreia seg om å hente informasjon frå nettet til å løyse oppgåver, "spele" læringsrelaterte spel som ligg på maskina lokalt eller på nettet, men også til å produsere eigne tekstar for levering til lærar. Publisering av tekstar har vore mykje mindre brukt.

På fritida nyttar born og ungdom PC'en til spel, men også i stor grad til sosial programvare som til dømes MSN, Nettby, Blink, You Tube og Facebook. Somme bruker desse programma i mange timar kvar dag. Faktisk så mykje at det vart tatt opp som ei bekymring frå lærarhald at det går utover skulearbeidet. I eit intervju med ein elev på Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund så måtte guten medgje "at det nok går utover skulearbeidet".

I denne artikkelen vil eg kome inn på sider ved bruken av sosial programvare. Desse meiningane vil nok reflektere erfaringar eg har gjort meg og vil av den grunn vere mi subjektive oppfatning.

Sosial programvare er komen for å bli. Den er mykje nytta i fritida, men kjem også til å verte meir og meir nytta i skulen. Då er det viktig å få fram dei gode og lærerike sidene og redusere/avgrense negative sider. For å få det til må born og unge lære seg korleis dei skal nytte seg av desse programma på ein god og fornuftig måte. Samstundes må dei lære kva som ikkje er bra. Her kjem lærdomen av trygg nettbruk inn.

I livet elles er det slik at foreldre vil at borna deira skal ha det bra og at dei skal te seg fint. Dei prøver av den grunn å halde seg orienterte om kva borna styrer med, korleis dei har det, om dei vert erta eller mobba, at dei ikkje skal prate med framande og så vidare. Dei er litt "på vakt" når ungane er utanfor heimen.

Når det gjeld PC så kan det verke som om foreldra ikkje er så mykje på vakt.

Men er det så farleg om elevane sit attmed PC'en? Skjer det overgrep då? Kan nettet og sosial programvare vere farleg på nokon måte?

Vi veit at mobbing og overgrep er eit problem i samfunnet. Vi veit at dette også skjer på nettet. Born, unge og vaksne legg ut bilete, filmar og skriv inne på nettet, men veit dei nok om kva som kan vere konsekvensane av det dei gjer? Kva med personvernet? Det faktum at det skjer mobbing og overgrep er tydeleg dokumentasjon for at dei ikkje veit nok i alle fall.


"Enhancing Child Safety and Online Technologies"

I rapporten "Enhancing Child Safety & Online Technologies" frå Internet Safety Technical Task Force i desember 2008 er mobbing eitt av hovudelementa. Rapporten kan du laste ned her http://cyber.law.harvard.edu/pubrelease/isttf/ . Av den går det mellom anna fram at mobbing og overgrep på nettet ikkje skil seg særleg frå det som born og unge kan oppleve utanfor nettet og at dei ved aukande alder kan kome til å bidra til å verte utsett for slike situasjonar sjølve. Rapporten understrekar at det trengs meir forsking på dette feltet. Vidare kjem det fram at mobbing og trakassering frå jevnaldrande er det mest vanlege både på og utanfor nettet og at born og unge kan nytte desse sosiale nettverka til å halde på og forsterke tilhøve i allereie eksisterande sosiale relasjonar. Studien viser og til at gode familiestrukturar rundt dei unge vil vere positivt når det gjeld å ikkje verte utsett for slik mobbing. Dei som ofte kjem ut for vanskar elles i livet har ein tendens til å få vanskar på nettet og.


NOVA Rapport 16/08

I NOVA sin Rapport 16/08 ("Seksuelle krenkelser via nettet - hvor stort er problemet?") har hatt uroa som mange føler rundt barn og unge sin bruk av mobiltelefon og internett som fokus. Rapporten kan du laste ned her http://www.nova.no/?id=18483 . Studien er frå 2007 og vart gjennomført mellom avgangselevar i vidaregåande skule. Den viser ein generell tendens til at omfanget av mobbing og sjikane er synkande ved auka alder. Det er altså mest eit tenåringsfenomen. Jenter er mest utsett for seksuelle tilnærmingar over nettet. Å gi frå seg kontaktinformasjon til framande kan vere det første steget mot å verte utsett for slike overgrep og gutar er litt raskare til å gi frå seg slik informasjon enn jenter. Studien viser og at ungdom med dårleg forhold til foreldra sine, dårleg nettverk mellom sine jamnaldrande, homofil eller bifil orientering, tidleg alkoholdebut, tidleg seksualdebut, å ha vore utsett for seksuelle overgrep og nedsett funksjonsevne er grupper som har lettare for å verte utsett for slike overgrep. Gode jamnaldernettverk er den viktigaste vernande faktoren i høve til å takle utfordringar på nettet seier rapporten.
Resultata frå undersøkelsen viser heldigvis at det er få som vert utsette for slike overgrep(1,5 prosent av jentene og 0,7 prosent av gutane har blitt pressa eller trua til sex) og at overgriparen er oftare ein annan ungdom - heller enn ein voksen.
Som tiltak for å verne fleire frå overgrep foreslår ein betre og lettare rapporteringssystem på nettet(raud knapp), større ansvar på dei som driv slike nettstadar til å følge med og terapeutiske tiltak for dei som har vorte utsette for overgrep.

Desse rapportane fortel oss at det kan vere farer med å bruke sosial programvare, men samstundes veit vi at barn, ungdom og vaksne opplever mykje positivt med desse programma. For å unngå dei negative sidene vert altså opplæring til trygg nettbruk heilt vesentleg. Foreldra må involvere seg og ta ansvaret med dette heime og vi lærarane må sjå vårt ansvar for denne opplæringa på skulen.