Flickr, Deliscious og Picasa er nettstadar der brukarane kan legge ut bilete. Brukaren kan også avgjere om bileta skal vere private eller offentlege. Dersom ein nyttar bokmerke så er det lettare å finne bilete ein er på jakt etter og ofte er dei av ein annan karakter enn bilete ein finn med andre søkemotorar. Slike bilete kan ofte eigne seg å bruke i elevarbeid eller i synleggjering av konkreter i undervisninga. Det er viktig å ta hensyn til kva lisens bileta er publiserte under for korleis ein skal nytte dei. I skulesamanheng vil eg vere forsiktig med å la elevane legge ut bilete, då må det i så fall vere under rettleiing.
YouTube er ein nettstad der du finn filmsnuttar av ulikt slag. Her er det også brukarane som legg ut og deler filmane med andre. I mange samanhengar er det her også mogleg å finne filmsnuttar som kan konkretisere alt frå musikktyper, landskapsformer, brukarrettleiingar, dans, idrettsprestasjonar, yrkesutøving frå gamal og ny tid og så vidare. Ein skal likevel vere varsom med kva elevane søkjer på for her ligg diverse ueigna stoff også. Somme elevar legg i dag ut filmsnuttar på privat basis og eg ville vere svært varsam med om det skulle skje i skulen sin regi.
Mindamo er eit nettbasert tankekart som kan delast med andre. Eg har ikkje nytta det spesielt inn mot elevane enno, men eg har brukt det ein del i undervisningasplanlegginga mi. Kjem heilt sikkert til å nytte det med elevane også for det vil gjere samarbeid i grupper lettare. Medlemmene i gruppa vil kunne nå det delte tankekartet og kan vere med å utforme det berre dei har tilgang til nettet. Ikkje minst så er det ikkje nokon lenger som har gløymt det heime eller har mista det. Det å kunne legge inn lenkjer i tankekartet vil også vere ein stor fordel. Då har ein plutseleg masse ressursar samla på ein stad.
ynskjer det. Har i vår starta opp og administrerer mange wikiar på min eigen skule. Desse vert etterkvart gjort tilgjengelege for elevar og lærarar ved skulen. På den måten kan samling av informasjon og kunnskap kome alle på skulen til gode og danne ein bank for komande skuleår. Formålet var i første omgang å sikre at lokalhistorisk informasjon skulle samlast på ein stad, men etterkvart har dette auka i omfang og det kan gjerne nyttast innanfor den einskilde klasse også.